Havforskingsinstituttet
Havforskingsinstituttet er Europas nest største marine forskingsinstitusjon. Havforskingsinstituttet gir kunnskapsbaserte råd om forvalting for reine og rike hav- og kystområde i eit evigheitsperspektiv.
Instituttet blei stifta i 1900, har hovudkontor i Bergen, og etablerte eigen forskingsstasjon i Austevoll i 1978. Forskingsstasjonen i Austevoll har laboratorium, sjøtankar og merdar, og innandørs bygningsfasilitetar på om lag 4.500 kvm. Den er dermed blant Europas største forskingsstasjonar for fisk og skaldyr. Forskingsstasjonen er samlokalisert med Austevoll vidaregåande skule og den maritime fagskulen.
Havforskingsinstituttet har totalt 926 årsverk (2018) og 43 av desse ved forskingsstasjonen i Austevoll.
Fagdirektør Geir Lasse Taranger er styremedlem i Blått kompetansesenter vest. Han er direktør for forskingsavdelinga for akvakultur, marint miljø og teknologi i Havforskingsinstituttet.