Blått kompetansesenter vest er samlokalisert med forsking-, utdanning- og næringsaktørar innanfor marin og maritim sektor i Austevoll. Her kan ein finne Nord-Europas største forskingsstasjon for marine artar. Havforskinga har ei rekke forsøkshallar og eit sjøanlegg med forsøksmerdar som er tilgjengelege for bedrifter som skal teste ut løysingane sine før kommersialisering. Ta kontakt om du ynskjer å besøke eller å nytte deg av fasilitetar som opplæringsfartøy, oppdrettsanlegg, tokt og simulatorar.
Opplæringsfartøy
Fiskebåten «Stø kurs» er det største opplæringsfartøyet til Austevoll vidaregåande skule. Båten blir til dagleg nytta til opplæringa i navigasjon, manøvrering og sjømannskap for klassane VG2 maritime fag, og klassane i VG2 fiske og fangst. «Stø kurs» legg også ut på årlege tokt til skreifiske i Lofoten. Skulens har også sjarken «Huftarøy» som og ein Tobias-arbeidsbåt.
Fartøya kan nyttast til tokt og opplevingsturar i regi av Blått kompetansesenter vest.
Skulen har også ein redningsbåt frå Harding som blir nytta til kurs og opplæring.
Simulatorar
På fagskulen nyttar ein i stor grad navigasjonssimulatorar i opplæringa. Skulen er difor utsyrt med ein navigasjons- og offshoresimulator, og tolv mindre navigasjonssimulatorar. Navigasjons- og offshoresimulatoren er ein fullverdig «full mission»-simulator, som fungerer som eit komplett skip.
Det vert installert 2 nye navigasjonssimulatorar hausten 2022.
Ein ny fiskerisimulator er også under utvikling i samarbeid mellom Fagskulen Vestland, Nordland fagskole. Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) og Kongsberg Digital AS Kongsberg Digital AS. Det skal etablerast ein demonstrasjonssimulator i løpet av hausten 2023, og ein fullverdig simulator for trål-, ringnot- og linefiske vil etter planen stå klar til skuleåret 2024.
Testfasilitetar
Havforskningsinstituttet har ein framifrå forskingsstasjon på Sauganeset med ei rekke forsøkshallar, og sjøanlegg med forsøksmerdar. Det som er særmerkja med denne stasjonen er den breie kompetansen med havforskarar og forskingsteknikarar i kombinasjon med mogelegheit til å helda marine organismar i alle livsstadier.
Stasjonen har vore ein pioner innan å ta fram marine havbruksartar som torsk, kveite, berggylt og rognkjeks, hummar, kamskjel og blåskjel. Dette er mellom anna grunna at ein kan halda stamorganismar i store kar eller merdar, og at ein kan startfôra yngel med levandefôr som naturleg dyreplankton eller artemia.
Stasjonen har også våre i front med å studera velferd hos oppdrettslaksen, og ulike metodar for å handsama lakselus. Ein har i seinare tid lagt til rette for at ulike selskap skal kunne koma å testa ut ustyr eller løysingar, så lenge det ikkje kjem i konflikt med anna aktivitet på stasjonen. Dette skjer då til kostnadsdekkande prisar for bruk av anlegg og kompetanse.
Havforskningsinstituttet har kompetanse som syter for at ein held seg innafor gjeldande regelverk ved forsøk og utprøving av utstyr. Blått kompetansesenter vest kan vera ein kanal for grundarar og andre å koma i kontakt med eit av verdas leiande forskingsmiljø innan havbruk for å testa sine idear og løysingar.