ForsidaTenester → Bedriftsrettleiing Austevoll

Bedriftsrettleiing Austevoll

HI-042814 2.jpg

Kommunale førstelinjetenester i Austevoll

Blått kompetansesenter vest har avtale med Austevoll kommune om drift av kommunale førstelinjetenester, og tilbyr innleiande bedriftsrettleiing og hjelp både til nyetablerar og meir erfarne bedriftsleiarar i Austevoll.

Føremålet er å bidra til å utvikle lønsame bedrifter, nye arbeidsplassar og berekraftig utvikling i kommunen. 

Rettleiinga vert tildelt, og er gjeldande innan ei gitt tidsramme opp til fire timar.

Gründerrettleiing

Ta tidleg kontakt med oss, og vi kan rettleie deg på vegen frå idè til bedrift.

Vi kan rådgje deg om blant anna:

  • tilskots- og låneordningar

  • selskapsform

  • forretningsplan

  • nettverk

  • sparringspartnar/veileder/mentor

Berekraftige nyvinnings- og utviklingsprosjekt

Vi kan rettleie din bedrift rundt berekraftig utvikling. Så lenge prosjektet er nyskapande og berekraftig kan tilbodet om rettleiing gjelde både nye og eksisterande verksemder.

Ta tidleg kontakt med oss, så får du råd om val av

  • tilskots- og låneordningar

  • prosjektplan

  • samarbeidspartnarar

  • testfasilitetar

Testfasilitetar til ditt prosjekt?

Havforskningsinstituttet (HI) har ein framifrå forskingsstasjon på Sauganeset i Austevoll med ei rekke forsøkshallar, og sjøanlegg med forsøksmerdar. HI har brei kompetanse med havforskarar og forskingsteknikarar i kombinasjon med mogelegheit til å halde marine organismar i alle livsstadier. Stasjonen har også våre i front med å studera velferd hos oppdrettslaksen, og ulike metodar for å  handsama lakselus.

Ein har i seinare tid lagt til rette for at ulike selskap skal kunne koma å testa ut ustyr eller løysingar, så lenge det ikkje kjem i konflikt med anna aktivitet på stasjonen. 

Dette skjer då til kostnadsdekkande prisar for bruk av anlegg og kompetanse. 

Havforskningsinstituttet har kompetanse som syter for at ein held seg innafor gjeldande regelverk ved forsøk og utprøving av utstyr. Blått kompetansesenter vest skal vere ein kanal for gründarar og andre å koma i kontakt med eit av verdas leiande forskingsmiljø innan havbruk for å testa sine idear og løysingar.

Ta kontakt med oss for å forespørre om bruk av HI sine fasilitetar til ditt prosjekt.

Støtteordningar

Det finst mange tilskotsordningar. Ta kontakt med oss for rettleiing om kva stønad som kan passe prosjektet ditt.

Her finn du dei mest vanlege tilskotsordningar du kan finne i marknaden.

Innovasjon Norge

Regionalforvaltning Vestland