SmartCamp til inspirasjon

Austevoll kommune har signert avtale med Ungt Entreprenørskap om å gjennomføre årleg SmartCamp for 6.trinn. Kvart år skal elevane få reelle utfordringar frå næringa, og dei skal løyse det på sin måte, og konkurrere om beste løysing med fleire skular i Vestland.

Engasjement og kunnskap

– Dette er oppskrifta på å vekke tidleg interesse for marin og maritim næring, seier Bente Kari Sletten Taranger i Blått kompetansesenter vest


Det er Ungt Entreprenørskap som står for SmartCamp og som har utvikla konseptet.

Utfordringa for i 2023 var å finne ut korleis ein skal utnytte avfallet frå oppdrettslaksen. I prosessen lærde elevane om havbruk og berekraft. Dei arbeida fram sine prosjekt frå utfordring til idè, modellering og presentasjon, og i løpet av prosessen måtte dei nytte seg av samarbeidseigenskapar, samt fleire av skulefaga for å få til gode resultat.

Austevoll si kommunekåring var i 2023 på Austevoll VGS. Her var det mykje flotte og berekraftige idear frå elevane. Alle løysingar var vurdert av engasjerte dommarar som representerte blå bransje, utdanning og forsking. Ei av gruppene frå Selbjørn Skule vann kommunekåringa, og går vidare til fylkeskåringa for Vestland.

For langsiktig rekruttering til denne næringa framsnakkar Blått kompetansesenter vest denne positive konkurransen for barneskuleelevane; med eit von om at flest mogleg Vestlandsskular deltek på SmartCamp.

Her ser du ein av mange flotte presentasjonar og kreative løysingar på kommunekåringa i Austevoll

Ynskjer du å få SmartCamp til din kommune?

Finn detaljar på nettsida til Ungt Entreprenørskap

Du kan eventuelt ta kontakt med oss i Blått kompetansesenter vest AS:

Prosjektleiar, Bente Kari Taranger:

tlf. 476 12 910, send epost til Bente Kari

Prosjektleiar, Sissel Fagerbakke:

tlf. 413 53 778, send epost til Sissel

Forrige
Forrige

Rødspetteseminar 21. nov

Neste
Neste

Gründar- og prosjektrettleiiing i Austevoll