Berekraftig lavtrofisk fôrproduksjon

Torsdag, 7. november er dagen for det årlege seminaret som vi inviterer til saman med Havforskingsinstituttet. Hovudtema for i år er “berekarftig lavtrofisk fôrproduksjon”, med mykje spanande på agenda. Det er med andre ord berre å sette av dato.

God respons på Rødspetteseminaret

Hausten 2023 deltok rundt 60 engasjerte personar på seminaret om raudspette

Seminar, kultur og festmiddag

Seminaret
Blått kompetansesenter vest og Havforskingsinstituttet, avdeling Austevoll, er arrangør av seminaret. På agenda kan vi liste opp det siste innan forsking på lavtrofiske artar, berekraftig fôrproduksjon. Vi har også innleiarar med erfaring frå arbeid med nye artar, rundt distribusjon, konsesjonar, areal, finansiering, sal og eksport.

Programmet

Prisar

  • Seminar, dagpakke, inkl. lunsj med smaksprøvar på lavtrofiske artar v/Team Johannessen (kr. 2.390,-)

  • Seminar, dagpakke, inkl. lunsj med smaksprøvar på lavtrofiske artar v/Team Johannessen, samt festmiddag inkl. aperitiff, 3-rettars inkl. drikkepakke (kr. 3.750,-)

Parallelt arrangement med historisk tilbakeblikk kl. 16:00 - 19:00
Vi har samkøyrd datoar med Kongsen Kulturformidling som byr på “Oppdrettseventyret Austevoll" same dag. Like etter seminaret kan du spasere deg bort i nabosalen, og lene deg tilbake i godstolen i Kongsen kulturamfi. Der kan du lytte til “talkshow” med historisk tilbakeblikk. Frå havbruket si spede byrjing mimrar erfarne pionerar frå havbruk, forsking, politikk m.m. i dialog med kveldens talkshowvert, Arne Hjeltnes. Vi vil også få innblikk frå dagens drivkrefter. Det vert lett pauseservering, musikkinnslag v/Ingeborg Fagerbakke. Vi vil nytte høve til å oppfordre alle til å delta på dette talkshowet. Ver obs på at dette arrangementet er i regi av annan arrangør, og billettar/påmelding skjer direkte til Kongsenkulturformidling: 


Festmiddag på kvelden frå kl. 19:30
Det vert festmiddag på Bekkjarvik gjestgiveri. Her kan ein mingle med eit variert utval av personar med ulike erfaringar og framtidstankar. Om du ynskjer å tenkje tilbake til svunnen tid eller du vil diskutere kva framtida har å by på så er dette middagen ein bør delta i. Middagen startar med ein aperitiff, og det vert 3-rettars meny, drikkepakke og litt underhaldning.

Middag kan du tinge hos oss medan du tinger seminarbillettar.

Overnatting?
Bekkjarvik gjestgiveri har flotte hotellrom. Bur du der har du kort veg heim etter festmiddagen. Bestill rom

Allergier?
Send mail om dette til kontakt@bksvest.no

Forrige
Forrige

Ein flott dag i Bekkjarvik

Neste
Neste

Møt oss på NOR-fishing