Vellukka lunsj og workshop i One Ocean Week

Under One Ocean Week inviterte vi til lunsj og workshop, og vi bad våre lunsjgjestar om innspel til kompetansesenteret. Det var totalt samla 17 personar, stemninga var god, og ikkje minst var engasjementet til stades i arbeidsgruppene.

Det nyttar ikkje å finne opp kruttet aleine

Vi er i den tru at mange engasjerte aktørar innan blå verksemd samla til felles workshop kan gje oss gode og konkrete innspel som vi kan nytte oss av i etterkant av arrangementet. Det er gjennom dialog og møteplassar vi finn vegen for å nå våre mål.

På Biblioteket Bar var blå næring, blå forsking og blå utdanning representert. Blant våre gjestar hadde vi også Austevollsordførar, Bente Kari Taranger, Innovasjon Norge og Vestland Fylkeskommune. At gruppa av lunsjdeltakarar hadde slik ein bredde set vi stor pris på.

Spørsmålet vi stilte var;

”Korleis kan vi best skape synergier mellom næring, forsking og utdanning, slik at vi lukkast med ein fortsatt lønsam og bærekraftig blå næring?”

Workshop med bakt potet og aperitif samla nettverksbyggarar på ein plass og vi opplevde dette som som ein god mix. Blant anna har vi allereie byrja å tenke på kva vi skal legge inn i programmet i One Ocean Week 2025. Målet for neste år er å få enda fleire til å delta på våre sprell.

Gode samtalar

Kvar gruppe presenterte sine innspel i plenum, og det kom inn mykje bra som vi no skal sjå på framover.

Har du tankar rundt Blått kompetansesenter vest, men var hindra i å delta på vår arbeidslunsj, er vi glad om du sender dine innspel til Sissel Fagerbakke via e-post sfa@bksvest.no

Forrige
Forrige

Verneombodkurs i Austevoll (40t&2dg)

Neste
Neste

Utsett - ny dato kjem: Frukostmøte med Fagskulen Vestland