Ledig stilling som dagleg leiar

Foto: Torhild Dahl / Havforskningsinstituttet

Foto: Torhild Dahl / Havforskningsinstituttet

Har du lyst å omsetje tettskrivne strategiar og svulstige festtaler til konkrete tiltak og løysingar?

Likar du deg både på kaikanten og i konferansesalen?

Kan du bidra til å knyte tettare band mellom maritim og marin næring, utdanning og forsking? 

Blått kompetansesenter vest AS søker

dagleg leiar

100 pst. – arbeidsstad: Austevoll

Blått kompetansesenter vest er eit samarbeidsprosjekt mellom Havforskingsinstituttet, Vestland fylkeskommune, Austevoll Næringsråd, og Austevoll kommune.

Formålet til Blått kompetansesenter vest er at me skal bli endå betre på det me allereie er gode på innan maritim og marin næring, utdanning og forsking.

Ved å jobbe meir i lag på tvers av sektorane, sjå fleire prosjekt og saker i samanheng, og skape felles møteplassar, vil Blått kompetansesenter vest kunne gje viktige bidrag for å oppnå målsettingar for berekraftig bruk av sjøen og havet, rekruttering og nyskaping.

Blått kompetansesenter vest AS skal tilsette dagleg leiar. Arbeidsstaden er i Austevoll ved Austevoll vidaregåande skule, Sauganeset 18, Storebø. Løn og andre relevante vilkår blir fastsett etter avtale.

Som dagleg leiar skal du leie og utvikle verksemda vidare basert på fastsette tiltak og vedtak. Oppgåvene er svært varierte, slik det er i små verksemder med store ambisjonar.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg leiing av føretaket. 

  • På sikt: Personalansvar, oppgåver og ansvar knytt til dette.

  • Oppfølging av fastsette mål og tiltak.

Kvalifikasjonar:

  • God skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk. I Blått kompetansesenter vest er hovudmålforma nynorsk.

  • God munnleg framstillingsevne, norsk og engelsk.

  • Erfaring frå marin eller maritim næring, opplæring, forsking eller offentleg forvalting, og gjerne ein kombinasjon av nokre eller fleire av desse.

Utdanning:

  • Relevant høgare utdanning eller fagutdanning vil bli vektlagt.

  • Arbeidserfaring og kurs, og uttaler frå referansar, kan bli tillagt vekt om dette er relevant.

Personlege eigenskapar:

  • Du skal jobbe godt og effektivt i lag med andre, i ulike samarbeid og situasjonar, og samstundes jobbe godt på eigahand.

  • Du skal ha tolmod til å drøfte saker, og samstundes ivre etter å konkludere og å kome vidare i prosessen.

  • Du skal klare å identifisere kjerna i sakene og kunne jobbe vidare med det viktige.

Søknad med CV skal sendast til vivian.bjaneso.horgen@vlfk.no.

Søknadsfrist er 23. september 2021.

Forrige
Forrige

Skal intervjue leiarkandidatar

Neste
Neste

Ny direktør for Havforskingsinstituttet