Skal intervjue leiarkandidatar
23. september gjekk fristen ut for å søke på jobben som dagleg leiar i Blått kompetansesenter vest. Dei neste vekene skal åtte personar stille på jobbintervju.
– Me er ganske fornøgd med talet på søkjarar og no ser me fram til å bli betre kjent med kandidatane, seier styreleiar Vivian Bjånesø Horgen.
Etter fleire år med planlegging blei Blått kompetansesenter vest stifta som eit føretak sommaren 2019. Sidan den gong har styret – beståande av Vivian Bjånesø Horgen, Geir Lasse Taranger, Hege Lauvik og Morten Storebø – førebudd etableringa av klyngeorganisasjonen.
– Sjølv om den blå klynga i Austevoll er velkjent og veletablert, så er jobben vår likevel prega av nybrottsarbeid, seier styreleiaren.
– Det er første gong me endeleg skal samle kreftene og ressursane i Austevoll og Vestland i ein eigen organisasjon. Her skal me sameine næringsliv, forsking og utdanning endå meir. Målsettinga er å fylle hòla som me ser mellom private aktørar, offentlege institusjonar, og verkemiddelapparatet som Innovasjon Norge.
Blått kompetansesenter vest har tilsynelatande eit stort potensial for å lukkast. Etableringa er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, det statlege Havforskingsinstituttet, næringsforeininga i Austevoll, og Austevoll kommune. Ifølge styreleiar er det avgjerande no å få på plass dagleg leiar.
– Målet vårt er at Blått kompetansesenter vest skal vere eit nav i den havbaserte Vestlands-klynga, som bidreg til å gjere det lettare å drive næringsutvikling, rekruttering, utdanning og næringsretta forsking. Då treng me ein engasjert og kompetent leiar.